fredag 10. februar 2012

Vil staten berre ha lydige legar?

Ein pasient heilt frå starten? (Foto frå Wikimedia Commons)
Fastlegane Eilif Haaland og Gunnhild Felde vil ikkje visa klientane sine vidare til abort, ifølgje BT 6. februar. To professorar i medisin som tenkjer annleis om abort, meiner likevel dei to legane må ha rett til å følgja samvitet sitt i ei så viktig etisk sak. Kommentator Eirin Eikefjord i BT slår derimot fast at i norsk helsevesen må respekten for kvinner sin lovfesta rettar gå framfor respekten for «religiøse minoriteters samvittighetskvaler. En jobb som lege innebærer å sette pasienten i sentrum, ikke seg selv». Og helseminister Strøm-Erichsen seier til same avis at ho ser dette kan vera eit dilemma for nokre fastlegar, men at «omsynet til pasientane må kome først».

Dette handlar ikkje om at nokon skulkar unna eller ikkje giddar å gjera enkelte kjedelege oppgåver. For dei to fastlegane dreier det om respekten for livet og dermed om heilt grunnleggjande spørsmål om rett og gale. På same måte som legar og sjukepleiarar ved sjukehus kan reservera seg mot å ta del i abortinngrep, ønskjer desse fastlegane å kunna reservera seg mot å skriva under på noko som set i gang prosessen som fører mora og det ufødde barnet fram til abort. Når Strøm-Erichsens departement no skjerpar inn praksisen på dette feltet, skal ikkje legar som Felde og Haaland lenger både kunna følgja samvitet sit og halda fram som fastlege. 

BT-kommentator Eikefjord viser i artikkelen «For liv-lobbyen» ikkje særleg forståing for problemet til dei to legane. Sjølv om ein ikkje deler oppfatninga til nokon, går det kanskje an å lytta litt betre til dei som kjem i skvis mellom statsmakt og eige samvit? Eikefjord skriv at den norske abortmotstanden rett nok har fått ei ganske stoverein form, men det er likevel «viktig å begrense religiøse samvittighetskvalers innflytelse på legeyrket».

Eg spør meg om det verkeleg berre er tale om religiøse samvitskvalar her. Er det ikkje andre òg som har kvalar – både av legar, sjukepleiarar, foreldre, politikarar og mediefolk? Dei av oss som har born, veit at dei ein gong var små ufødde menneske akkurat slik som dei som blir «fjerna». Det krevst vel ikkje eit spesielt tjukt lag av religiøse kvalar for å tenkja at noko er gale når foreldre, helsevesen og samfunnet omkring (heldigvis) gjer alt ein kan for å verna nokre av desse, medan det er andre som ikkje får del i dette vernet. Har dei ikkje same eigenverdien?

Dei same sjukehusa som gjennomfører abortane, gjer sitt beste for å ta vare på livet og helsa til andre ufødde. Då er det ikkje berre ein, men to pasientar. Derfor er det meir tilslørande enn opplysande å hevda at denne saka handlar om at pasienten må setjast framfor legen. Helsepersonell som reserverer seg mot abort – på ulike nivå i prosessen – gjer nettopp det. Men dei utvidar legeetikken sin slik at han òg har plass til pasient nummer to, og legg vekt på at desse ufødde har eigenverdi og menneskeverd. Både mor og barn skal hjelpast.

Kanskje er det ikkje berre menneske frå religiøse minoritetar som har samvitskvalar her. Og uansett bør ikkje staten sjå det som si oppgåve å skvisa dei som har slike skruplar i spørsmål om liv og menneskeverd. Det er fritt fram for å argumentera imot dei om ein meiner dei tek feil. Men det er ikkje klokt om staten tvingar dei til å velja mellom jobben og samvitet. Heller ikkje passar det særleg godt for eit land som vil vera eit godt eksempel for resten av verda også i det å respektera samvitsfridom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar