søndag 23. september 2012

Børre Knudsen og Justin Bieber

Børre Knudsen (Wikimedia Commons)


I dag 24. september fyller Børre Knudsen 75 år. Presten som la ned den statlege delen av embetet sitt, deretter vart dømt frå embetet som sokneprest i Balsfjord, for så halda fram med å dukka opp i media gong etter gong utover 1980-talet. Kledd i svart prestekjole, og ofte saman med kollegaen Ludvig Nessa, protesterte han mot abortlova. Dei to tok i bruk aksjonar som ingen hadde sett her til lands før: prestane sende smådokker tilsølte med ketsjup til norske toppolitikarar, Børre Knudsen helte bukkeblod over hovudet sitt framfor Stortinget, dei to geistlege møtte opp på sjukehusavdelingar der det vart gjennomført abortar. Knudsen må vera eit av dei menneska som har vekt mest sine og forarging i norsk etterkrigshistorie.

Trygt kan det slåast fast at Børre Knudsen ikkje var eit produkt av omdømeekspertar og kommunikasjonsrådgjevarar. Eige namn og rykte hadde ikkje førsteprioritet for flammen frå Balsfjord. Heller ikkje let han seg dirigera av politiske eller religiøse leiarar. Skal tru kor han hadde det frå. I fengsel hamna han òg for aksjonane sine.


Medan det heile sto på, skreiv journalisten og forfattaren Niels Chr Geelmuyden bok om Balsfjordpresten. En prest og en plage er tittelen på boka frå den alltid ordspelglade Geelmuyden. Humanetikaren Geelmuyden og presten Knudsen hadde ulike utgangspunkt, men dei må ha funne tonen godt. Boka gjev eit varmt og fascinerande portrett av hovudpersonen. Her møter vi ikkje nokon fordømmande og tankefattig fanatikar, men ein tenkjar, ei allsidig kunstnarsjel, eit varmt og ærleg menneske. Eit lite innblikk i kva denne kampen må ha kosta både presten og familien hans får vi òg gjennom boka. Knudsen er gift og far til fem born.


Tenkjaren vart òg handlar. Han måtte fordi kallet til å forsvara dei verjelause ufødte borna tvinga han. «Å tro at man løser en kvinnes problemer ved å drepe hennes barn, er kvinneforakt på sitt mest avskyelige», seier Knudsen i boka (s. 170). Og nettopp her er det, endeleg, at Justin Bieber kjem inn. I eit fjernsynsintervju fortel mor til den verdskjende artisten korleis ho vart gravid som syttenåring, men motsto presset til å ta abort.


Børre Knudsen retta slett ikkje skytset mot desse hardt pressa kvinnene, som fekk både barnet, avgjerda over liv og død og forventningspresset frå andre i fanget. Opprørspresten kjempa derimot mot dei som hadde makt, og som brukte makta til å velta heile ansvaret over på mora, og som bestemte at ingen av dei minste borna kunne vera trygge. Kva hadde hendt med Justin Bieber om mora hadde gitt etter og valt annleis? Ikkje rart at artisten sjølv seier at «I really don’t believe in abortion». Og for Børre Knudsen gjer det neppe nokon skilnad om mennesket som står på spel, heiter Justin Bieber eller om det er ein heilt annan og ukjent.


Akkurat dette kjem fram på ein fin måte heilt i slutten av En prest og en plage. Ein slutt det er god grunn til å lesa, men helst etter å ha lese resten av boka først.


Gratulerer med dagen, Børre Knudsen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar