tirsdag 12. mars 2013

Dei mest forblåste britane i heile verda?


Frå Falklandsøyane (Foto: Apcbg, Wikimedia Commons)
Innbyggjarane på Falklandsøyane utanfor sørspissen av Søramerika har hatt folkerøysting. 92 prosent av dei røysteføre møtte fram, og 99.8 prosent av desse støtta framlegget om at øygruppa framleis skal høyra inn under Storbritannia. Sjølvsagt er dette noko som varmar ein britofil. Britiske flagg over alt, om vi skal tru fotoa, og ifølgje the Telegraph song folk God Save The Queen og Rod Stewarts I am Sailing i hovudstaden Port Stanley.

Argentinarane er usamde i at innbyggjarane på øyane skal avgjera dette spørsmålet, og meiner Islas Malvinas er deira. I 1982 gjorde den argentinske militærjuntaen alvor i saka og okkuperte øyane. Margareth Thatcher godtok sjølvsagt ikkje dette, og vann øyane tilbake med militærmakt. Ein meiningslaus krig, der m.a. over 300 mann miste livet då det argentinske krigsskipet General Belgrano vart senka. Det argentinske militærdiktaturet som sette det heile i gang, vart kort tid etter avløyst av eit demokratisk styre.

Men tilbake til folkerøystinga. Det var faktisk tre personar som røysta imot framlegg om å halda fram som britisk oversjøisk territorium. Kva dei ønskte som alternativ, kan vi likevel ikkje vita sikkert. Men det minner meg i alle fall om folkerøystinga om unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige i 1905. Då røysta nesten heile folket ja til oppløysinga av unionen (som eigentleg allereie var gjennomført då folk gjekk til urnene). Men nokre små skår i gleda var det lell. I Volda var det såleis 982 som røysta ja, men ein som røysta nei. Ifølgje historikaren Jostein Nerbøvik skreiv avisa Sunnmørsposten orsakande at «der bor 3 svensker i distriktet». (1) 
 
(1) Jostein Nerbøvik Norsk historie 1870-1905 (Oslo, 1986), s. 230.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar