onsdag 4. februar 2015

Stemmene frå dei framande

Frå det koptiske Kairo (foto: Daniel Mayer, Wikimedia Commons)
Kva skjer når ei gruppe - etter å budd der i nesten 2000 år - vert framande i sitt eige land? Og når dette hender ikkje berre i éin stat, men i land etter land i ein heil region. Boka Den siste nattverd av den danske journalisten Klaus Wivel bør lesast av alle som vil skjøna situasjonen til dei kristne i Midtausten og kvifor mange av dei ikkje har noko høgare ønske enn å koma seg bort.


Klaus Wivel er journalist i danske Weekendavisen. Han karakteriserer seg sjølv som ateist, men har interessert seg for dei kristne i Midtausten. Boka hans fortel ikkje den rosenraude historia om fredeleg sameksistensen mellom kristne og muslimar i samfunn dominert av islam.

Utgangspunktet for Den siste nattverd var eit ope brev Wivel skreiv til den danske utanriksministeren i oktober 2011, der han spurde kva Danmark ville gjera med dei mange kristne som vart pressa til å forlata Egypt. Utanriksministeren gav ikkje noko svar. Dermed reiste Wivel til Gaza, Vestbreidda, Egypt, Libanon og Irak for å finna ut meir om stoda for dei kristne i desse områda. Resultatet av denne rundreisa vart boka Den siste nattverd, som først kom ut på dansk i 2013, og som året etter kom på Hermon forlag i Norge.

Journalistikk                  
Boka er drivande god journalistikk. Forfattaren har reist rundt i Midtausten, møtt menneske og intervjua dei. Samtalane, opplevingane og inntrykka han formidlar, gjev eit unikt innblikk i livet til kristne menneske i denne urolege delen av verda. Den grunnleggjande forteljinga handlar om ein religiøs minoritet pressa av muslimsk dominans og trekt mot utvandring til Vesten.

Dette er det overordna biletet, og det er klart nok. Samstundes er boka ein mosaikk sett saman av mange menneske med ulike opplevingar og til dels motstridande meiningar. Her er eit lite knippe: Den lutherske presten i Betlehem som krast fordømer Israel. Den frittalande tidlegare leiaren av ein kristne tv-kanal på Vestbreidda. Den gresk-ortodokse erkebiskopen på Gaza. Den unge egyptiske bloggaren som har søkt tilflukt som student i Tyskland. Den kristne forretningskvinna på Vestbreidda. Den amerikansk-inspirerte evangelisten på Vestbreidda. Den islamistiske tv-predikanten i Kairo. Sosiologen frå Nederland, som har slått seg ned i Egypt, og svarar «et klart nei» på om det finst forfølging av kristne. Den koptiske presten i Kairos «søppelby». Sonen til libanesaren som var med og forfatta FNs menneskerettsfråsegn. Tannlegen som ønskjer å tilby turistar frå Vesten ein kombinasjon av tannlegehjelp og ferieliv i Beirut. Den libanesiske professoren og menneskerettsforkjemparen som vil forklara dei store skilnadene som har vokse fram mellom Vesten og Midtausten. Menneske i Erbils kristne bydel Ankawa. Den ustoppelege anglikanske presten Andrew White i Bagdad. Mannen frå Bagdad som fekk to av borna sine skotne og drepne då familien sat saman i stova og såg fjernsyn.

Klaus Wivel har møtt desse og mange, mange fleire. Nokre av menneska han har samtalt med, er biskopar, politikarar og andre samfunnstoppar. Andre er det vi ville kalla alminnelege menneske. Dermed får han eit breiare bilete enn mange andre som meiner noko om Midtausten.

Eit omdømeproblem?
Er ei slik bok med på å skapa eit fiendebilete av islam? Journalisten Wivel ser ikkje ut til å ha nokon antimuslimsk dagsorden. Men når han viser korleis kristne i Midtausten er gjort til andrerangs borgarar, kan mange få styrka eit negativt bilete av muslimar. Det er eit dilemma, for det ville vera best for alle om vi kunne dempa konfliktnivået i staden for å byggja det opp. Kanskje er det også slik den hollandske sosiologen Cornelius Hulsmann tenkjer. Han arbeider for dialog, og Wivel blir med på eit møte der Hulsmann har invitert inn ein islamistisk tv-predikant. På spørsmål frå ein annan muslim som deltek på møtet, svarar predikanten at ein muslim som konverterer til kristendommen, ifølgje Koranen skal avrettast. Og det er ingen tvil om at predikanten stiller seg bak det Koranen seier. Han meiner ein som skiftar frå islam til ei anna tru, fortener døden viss konvertitten går ut offentleg med den nye trua. Episoden endar med at Hulsmann ser ut til å glatta over det heile med følgjande kommentar til predikanten: «Du skremmer folk med å snakke på den måten». (s. 103)

Som om det først og fremst var eit omdømeproblem vi sto overfor.

Og nettopp her trur eg vi er ved kjernen: I eit samfunn (som Egypt) der det store fleirtalet støttar dødsstraff for den som forlet islam, der den lokale rettspleia kan slå blodig urettferdig ut for kristne fordi dei er kristne, og der kristne i det heile er andrerangs borgarar, er ikkje problemet først og fremst at islam får eit dårleg image. Problemet er at det finst minoritetar som må leva under eit konstant og urettferdig trykk frå fleirtalet. Og til dei som meiner det er uklokt å engasjera seg for ei enkelt gruppe – t.d. kristne – i desse samfunna, har Wivel følgjande svar: «Vi savner fortsatt å høre om en katastrofal situasjon som løser seg selv ved at man unngår å sette søkelys på den» (s. 269).

Viktig bok
Det er det kristelege forlaget Hermon som har gitt ut boka til den danske ateisten. Omsetjaren har gjort ein fin jobb, og språket er godt. Ein snurrig detalj må eg likevel nemna her, nemleg at plassen framfor Fødselskyrkja i Betlehem blir omtala som «Manger-plassen». Nei, sentrum i Radøy kommune har nok ikkje fått ein plass kalla opp etter seg i Jesu fødeby, det er nok heller ein anglisisme som har snike seg inn. På norsk må det heita Krubbeplassen, eller Krybbeplassen om ein vil.

Men det er berre ein liten detalj. Hovudsaka er at dette er ei viktig, velskriven og god bok. Alle som vil skjøna litt meir av kvardagen til kristne i Midtausten, vil ha stor nytte av å lesa Den siste nattverd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar