torsdag 17. mars 2016

Flukt og utvisking

Eit unikt innblikk i kvardagen som kristen.
Utanfor inngangsdøra ligg det eit avkappa hovud med ein kross oppå. Det er mor til den drepne som opnar døra, og blir møtt av det forferdelege synet. Ikkje så rart at kvinna bryt saman psykisk og ikkje er seg sjølv etterpå.

Historia om denne bilmekanikaren frå Aleppo i Syria, mor hans og familien deira er berre eit lite glimt frå Kari Fures bok Flukten fra Syria og Irak (Lunde forlag, 2015). Sjølv om denne hendinga er ekstrem, er ho ikkje eineståande. Andre i desse borgarkrigsherja landa har opplevd liknande ting.



Siste etappe?
Vi kan ikkje lenger seia at dei kristne i Midtausten er gløymde av resten av verda. Berre her i Noreg har det kome fleire bøker dei siste par åra som ser på den vanskelege situasjonen desse minoritetane lever under. I 2014 kom reportasjeboka Den siste nattverd ut på norsk. Boka var skriven av den danske journalisten Klaus Wivel, og hadde mange fellestrekk med boka frå Fure. Blikket var likevel delvis retta mot andre land i regionen. Begge er opptekne av Irak, men i tillegg fokuserer Wivel først og fremst på Libanon, Palestina og Egypt. I 2015 kom boka De kristne i Midtøsten, som er ei artikkelsamling skriven av forskarar knytte til Universitetet i Oslo. Utgangspunktet for begge desse bøkene, og for boka til Fure, er det same: 

Kristendommen oppsto i Midtausten, og dei kristne har levd i dette området i totusen år. Men i vår tid, framfor augo våre, kan denne store regionen bli tømt for kristne.

Vi må likvel hugsa hjelpeverbet kan. Sluttresultatet er ikkje kjent enno.

Diakonen frå Aleppo
Den aldrande diakonen frå Aleppo sparar seg ikkje. Flyktningane strøymer inn frå nabolandet Irak, og enno er det fred i Syria. Han deler ut mat til flyktningane, besøker, lyttar, prøver å oppmuntra og hjelpa folk til å ta vare på sjølvrespekten. Men den milde hjelparen kan òg refsa: Den rause drankaren er for han ein minst like god kristen som den gnitne kyrkjegjengaren. Uredd er han òg, og let seg ikkje stoppa om han fleire gonger er truga på livet. Og då han ein gong fekk høyra av nokre muslimar at han ville enda i helvete når han døydde, var den barske replikken klar: - Det går ikkje. Det er ikkje plass til meg i helvete, for der er det fullt av folka dykkar.

Diakonen frå Aleppo er ein av dei mange Fure har møtt og intervjua i denne boka. Intervjua ho har gjort spenner over nokre år, og dermed speglar boka den dramatiske utviklinga dei siste åra. Frå den gongen irakarar flykta over til det fredelege nabolandet i vest, til borgarkrigen braut laus og Syria vart det verste landet å leva i.  

Det er eit imponerande spenn i historiene som er foralde i denne boka. Først og fremst er det dei mange enkeltmenneska som gjer inntrykk. Elektrikaren, enkja med fire små born, den gamle bonden, nonna, presten, biskopen og arkemandritten, politikaren, eleven, studenten, den lovande fotballspelaren. Dei er her alle, og andre med. Og forfattaren har sjølvsagt møtt folk frå heile spekteret av kyrkjesamfunn som finst i dette området - anten dei er kaldearar (katolske), syrisk-ortodokse, protestantar eller trufaste frå den vesle og forjaga Assyriske kyrkja i aust. 

Eg vil tru det òg er ein styrke for boka at forfattaren er ei kvinne. Kanskje ville ikkje ein mann fått den same kontakten med kvinnene i boka, anten det er ei motlaus ung enke eller unge kvinnelege studentar som fortel at draumen deira er "å bli ferdig med studiene og finne en god mann" (s. 87). Samstundes ser ikkje Fure ut til å hatt problem med kontakten med biskopar og andre kyrkjeleiarar, som sjølvsagt alle er menn

Kari Fure formidlar møta med desse menneska, og historiene deira, med varme, innsikt og journalistisk profesjonalitet. Dette er godt og solid arbeid. Fure, som er redaktør i avisa Dagen, trekkjer òg linjene bakover i historia til oppløysinga av det ottomanske riket og folkemordet mot dei kristne minoritetane der. Resutatet er blitt ei viktig bok. Vi bør kjenna til vilkåra mange menneske lever under i Syria og Irak i dag. Det er det eine. Dessutan kjem mange menneske til oss som flyktningar frå desse landa, og vi bør vita om kva dei reiser frå. Det er det andre.

Er det eitt perspektiv eg kunne ønskt meg litt meir av i boka til Fure, så er det dette: Kva tenkjer dei muslimske naboane og lokale muslimske leiarar om det dei kristne grannane deira opplever? Nokre slike intervju kunne ha hjelpt oss til å skjøna situasjonen til dei kristne endå betre.  

Hjelpesentralane
- Mange born er bitre når dei kjem til oss. Når vi spør nye born kva dei ønskjer Gud skal gjera for dei, svarar dei ofte at president Bush som starta krigen, eller muslimane som såra dei, må døy. Derfor er tilgjeving det viktigaste vi kan læra desse borna. Det fortel kvinna som driv skule for irakiske flyktningeborn i Syria. Her får borna læra arabisk, engelsk, matte, data - i tillegg til å få mat. Og læra om tilgjeving. Sjølvsagt er det kyrkja som står bak og driv skulen i lokala sine.

Det er slåande når ein les denne boka kor stort arbeid dei lokale kyrkjene legg ned i å hjelpa flyktningane. Det kan vera mat og husrom, medisinar, skulegang, trøyst, sjelesorg og hjelp. Kyrkjene er hjelpesentralar. Desse kyrkjene kan heller ikkje basera seg på store offentlege overføringar. Dei må stola på Gud og medlemane sine. Utan at desse kyrkjene ville mange menneske gått under.

Ein annan representant for dei hjelpande hender er den gamle katolske nonna forfattaren møter i Beirut. Ho ser fram til at ho snart skal tilbake til Aleppo, byen dei fleste vil koma seg bort frå. Men ho vil tilbake og driva skulen vidare, sjølv om IS kva dag som helst kan ta over den delen av byen dei held til i. Ho har arbeid som ventar:

"De som har mye penger har reist til Europa, spesielt til Frankrike. De med litt mindre penger har reist til Libanon, og de med enda litt mindre til Tartos og Latakia. Men de virkelig fattige bor fremdeles i Aleppo. De har ikke råd til å dra noe sted." (s. 184)

Utvisking eller nytt liv
Mellom dei intervjua i boka, er nokre assyriske flyktningar i Beirut. Kanskje er dei no reiste vidare til Europa fleire av dei, det veit eg ikkje. Men til Beirut kom dei då IS jaga dei vekk frå Khabur-området i Nord-Syria, der dei hadde levd og dyrka jorda si. Her hadde forfedrane deira slått seg ned då dei måtte fara frå Nord-Irak etter massakrar på 1930-talet. Og til Nord-Irak (og Iran) hadde dei flykta litt tidlegare på 1900-talet frå krig, svolt og folkemord i den karrige fjellheimen aust i Tyrkia.

Mange av dei kristne i denne delen av Midtausten er folk på vandring. Flukt er ofte det rette ordet. Sjølv om dei har djupe røter i dette området, er det nesten ingen att i Tyrkia. Irak har mista dei fleste av sine kristne. Frå Syria flyktar både kristne og muslimar. Kor mange av dei kristne som vender tilbake til landet når det vonleg ein dag blir fred, veit vi ikkje. Men kanskje er det ikkje så attraktivt å venda heim til ein tilstand som utsett minoritet i eit samfunn der dei sekteriske spenningane er blitt forsterka av ein forferdeleg borgakrig.

Dermed er vi i Europa, der mange har slått seg ned. Sverige er eitt av dei landa som allereie lenge før den arabiske våren hadde mange kristne frå Midtausten, ikkje minst syrisk-ortodokse. Nokre av kapitla i boka handlar om livet med Sverige som nytt heimland. Eit land med syrianske biskopar, syrianske fotballklubbar og syrianske riksdagsmedlemar. Der byen Södertälje er blitt ein slags syriansk hovudstad i diasporaen. Fure let oss få møta flyktningar som prøver å finna seg ein ny heim, vimsete skulejenter, den oppofrande språklæraren, og presten - den milde fader Jakob. Den som vil utfylla med eit svært annleis perspektiv på dette samfunnet, kan finna fram den dystre reportasjen i Aftenposten. Svartmålinga i Aftenposten og det velvillige perspektivet til Kari Fure kan sikkert utfylla kvarandre. Begge er sikkert sanne, men dei viser fram svært ulike sider ved eitt og same samfunnet.

Biskop Polykarpus (foto: Arve Kjell Uthaug).

Det er mange opne spørsmål om dei kristne frå Syria og Irak. Det eine er om dei har ei framtid i Midtausten òg, eller om morgondagen finst einast i Europa og Vesten. Også her i Europa er det mange utfordringar. På mange måtar er det kyrkja, slektsbanda, den felles historia, og i nokre tilfelle òg eit truga arameisk språk, som bind saman desse menneska. Ingen ting av dette er spesielt knytt til det nye heimlandet. Vil dei kristne frå Midtausten bli viska ut som grupper i møte med sekularisering og integrering, eller vil dei ta vare på sin eigenart og i tillegg tilføra dei nye heimlanda noko annleis?
Biskop Polykarpus er ein av dei som sjølv har kome frå Midtausten og til Europa. No er han syrisk-ortodoks biskop i Nederland og held til ved St. Efrem-klosteret. Eg er slett ikkje sikker på om han vil få rett, men ein kan jo likevel vona - og eg let han derfor få det siste ordet i denne bokmeldinga. Kanskje endar ikkje historia om dei kristne i Midtausten som ei soge om flukt og utvisking:

"At østlig kristendom blir tydelig til stede i vestlige land der kristendommen er blitt svekket, kan tilføre ny vitalitet. Skattene fra østkirkene kan berike vestlige kristne. Sammen kan vi gjøre kristendommen relevant på nytt".  (s. 263)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar